Bestill medisinane på nett

Bidra til å førebygge spreiing av koronavirus og bestill medisinar på nett.

​Sjukehusapoteket vil oppfordre helsepersonell og pasientar til å bruke e-bestillingsløysinga si for å gjere i stand medisinar til heimreiseklare pasientar.

Dette vil bidra til at færre pasientar vil opphalde seg i apoteklokalet samstundes, noko som kan vere med på å førebygge spreiing av koronavirus.

Bestill klargjering av medisinar (sav.no/eresept)

Pasienten vert varsla på SMS når medisinane er klar for henting.