Mange trossa regnet og nytta høvet til å delta i markeringa av Verdsdagen på Litteraturhuset. Leiar av Kompetansesenter i lindrande behandling Helseregion Vest, professor Dagny Faksvåg Haugen, opna med å presentere tre korte kasuistikkar som synte breidda i dei som treng lindrande behandling, og kva for moglegheiter som finst for behandling og støtte. Overlege Kristian Jansen orienterte om det nye, kommunale, palliative teamet i Bergen kommune, og kreftkoordinator Inger Fosse frå Øygarden delte på ein inspirerande måte glimt frå sin kvardag. Marianne Aase ga forsamlinga godt innblikk i erfaringar som pårørande. Etter innlegga var det paneldebatt med moglegheit for spørsmål frå salen. Her deltok også sosionom Sven Andre Haug frå palliativt team på Haukeland universitetssjukehus samt debattleiar Geir Andvik, assisterande klinikksjef i Kirurgisk serviceklinikk i Helse Bergen. Tema for debatten var Verdsdagen sitt tema dette året: «Lindrande behandling – tilgjengeleg for alle?»
Artisten Silja Sol ramma arrangementet vakkert inn med framføring av eigne songar, mens distriktssjef i Kreftforeningen Geir Vangsnes batt det heile fint saman.