Velkommen til konferansen “A Good Ending – Good for All”

Ein internasjonal konferanse om omsorg ved livets slutt finn stad i Bergen 6.-7. november 2019. Påmelding via konferansen si nettside: http://link.uib.no/agoodending

 

​Kompetansesenter i lindrande behandling Helseregion Vest og Universitetet i Bergen er vertskap for konferansen, som vert arrangert saman med den internasjonale samarbeidsgruppa International Collaborative for Best Care for the Dying Person. Konferansen markerer avsluttinga på EU-prosjektet CODE, Care Of the Dying Evaluation, og resultat frå prosjektet vil bli presenterte.

Tema på konferansen:
Førehandssamtalar, bruk av frivillige til døyande, korleis møte eit ønske om aktiv dødshjelp, skal døyande få væske, korleis engasjere befolkninga i tema døden, praktiske tips til betre omsorg i siste livsfase. Det blir posterutstilling og workshops.

Meir informasjon og påmelding: http://link.uib.no/agoodending