Det kom til saman 18 søknader frå 14 kommunar. Ti prosjekt fekk støtte, i Askøy, Bergen, Bømlo, Førde, Gulen, Haugesund, Hå, Karmøy, Naustdal og Vågsøy kommune. I tillegg vart ein kommune tilbydd støtte til å skrive ein meir utførleg prosjektplan, men takka nei.
Fem av kommunane fekk overført middel frå 2015. I alt vart det løyvd kr 2 167 062 til vidareførte og nye prosjekt i regionen.
Det krev tid og god planlegging for å få til ein god prosjektsøknad. Vi anbefaler at kommunar som tenkjer å søke middel i 2017, startar prosessen i god tid. Kompetansesenteret kan bidra med råd og informasjon.