Svært vellukka Landskonferanse i palliasjon

Den 14. landskonferansen i palliasjon vart arrangert i Stavanger 14.-16. september 2016. 650 deltakarar frå mange ulike yrkesgrupper fekk ny kunnskap og inspirasjon til vidare arbeid med lindrande behandling.

 

Konferansen var ei god blanding av plenumsforedrag og posterutstilling og parallellsesjonar med innsendte bidrag frå heile landet. Aktuelle tema som aktiv dødshjelp, overbehandling ved livets slutt og informasjon om palliasjon til befolkninga var tatt opp i plenum og vidare diskutert i mindre grupper. Andre viktige tema var palliasjon til barn og ungdom og til personar  med demens, saman med siste nytt i symptomlindring.

Programmet inkluderte og ein eigen sesjon med faglege nyheiter for kvar yrkesgruppe. Siste dagen var det fokus på hjelparen og kva feila våre gjer med oss. Den nypubliserte evalueringa av tilbodet innan lindrande behandling vart presentert til avslutning på konferansen.

I tillegg til det faglege programmet hadde konferansen ei rekke kulturinnslag av høg kvalitet. Konsert i Stavanger Domkirke med Stavanger Domkor og Katedralensemble var eit høgdepunkt, likeeins festkvelden med inspirert tale av stortingsrepresentant Olaug Bollestad.

Konferansen vart opna av helseminister Bent Høie.