Sunniva avdeling for lindrende behandling sommaren 2021

Drifta i Sunniva avdeling vert redusert i sommarvekene. 

I periodane 2.-16. juli og 2.-16. august har avdelinga 2-3 palliative senger lokalisert på Medisin 3, Haraldsplass Diakonale Sykehus.  

I perioden 17. juli-1. august har avdelinga ingen senger opne.

Vekedagar er sjukepleiar på jobb kl 08-15. Sjukepleiar tilbyr poliklinikk, samarbeidsmøte, telefonisk rådgiving samt rettleiing til samarbeidspartnarar i primærhelsetenesta.

Laurdag og søndag har sjukepleiar heimevakt på telefon kl 08-20.

Overlege har bakvakt 08-20 heile perioden. 

Møta i vurderingsutvalet går ut i perioden 16.-27. juli. Tilvisingar vert sende vidare til dei aktuelle.

​Telefon til Sunniva avdeling:  55 97 94 00