Start av prosjektet International Care Of the Dying Evaluation (CODE)

Prosjektet CODE starta 24. august 2017 ved Haukeland universitetssjukehus. Målet i prosjektet er å få ei vurdering av behandling, pleie og omsorg til kreftpasientar i dei siste to levedagane, sett frå pårørande sitt synspunkt.

​I løpet av eitt år ønsker vi å nå flest mogleg pårørande til pasientar som har døydd med kreft. Pårørande til kreftpasientar får tilsendt eit spørjeskjema med 42 spørsmål seks til åtte veker etter dødsfallet. Skjemaet inneheld spørsmål om behandlinga og omsorga gitt av pleiarar og legar, lindring av smerter og symptom, kommunikasjon og emosjonell og åndeleg støtte frå behandlarane. Det er eit mål å bruka resultata til å betre omsorga ved livets slutt.

Spørjeskjemaet CODE vart opphavleg laga i England og vart oversett til norsk i samsvar med internasjonale retningslinjer. I prosjektet vil vi teste ut og utvikle dette vidare til eit verktøy som kan brukast til å setja ein standard for omsorga til døyande.

Studien går føre seg ved følgjande sjukehus i Noreg: St. Olavs Hospital, Haraldsplass Diakonale Sykehus, Haugesund sjukehus, Bærum Sykehus og Haukeland universitetssjukehus. Både medisinske og kirurgiske avdelingar samt palliative einingar deltar.

Undersøkinga er del av eit internasjonalt prosjekt der fire land i Europa og tre land i Sør-Amerika er med. Ansvarleg institusjon i Noreg er Universitet i Bergen. Prosjektleiar er professor Dagny Faksvåg Haugen. Forskingssjukepleiar Marit Irene Tuen Hansen har den daglege oppfølginga av prosjektet.