Søke tilskot til prosjekt innan lindrande behandling 2021

Helsedirektoratet lyser også i år ut tilskot til kommunar til kompetansehevande tiltak for lindrande behandling og omsorg ved livets slutt. Det er lyst ut 11,6 millionar kroner for heile landet. Søknadsfrist er 1. mars 2021.

Kunngjering om tilskotsordninga på Helsedirektoratet sine nettsider: Kompetansehevende tiltak for lindrende behandling og omsorg ved livets slutt - Helsedirektoratet

Målet med ordninga er å styrke kvaliteten i tilbodet til pasientar som treng lindrande behandling og omsorg. Det skal også bidra til samarbeid mellom kommunar og frivillige organisasjonar om kompetansehevande tiltak, samt bidra til at pårørande blir tekne vare på. Det er for 2021 lagt til nye kriterium for å bli prioritert i tilskotsordninga, knytt til stortingsmeldinga «Leve hele livet». Sjå informasjon om dette på lenka over.

Tilskotet vert forvalta av statsforvaltaren i eit samarbeid med dei regionale kompetansesentra for lindrande behandling.

Ved behov for råd og rettleiing kan kommunar ta kontakt med Kompetansesenter i lindrande behandling (KLB) eller Utviklingssenter for sjukeheim og heimetenester i fylket sitt.

Kommunar i Helseregion Vest kan kontakte KLB lindrende.behandling@helse-bergen.no, tlf. 55 97 58 24

Ved spørsmål om ordninga, kontakt Statsforvaltaren i Vestland ved Beate Helland fmhobeh@statsforvalteren.no, tlf. 55 57 22 15