Kunngjering om tilskotsordninga på Helsedirektoratet sine nettsider: https://helsedirektoratet.no/tilskudd/kompetansehevende-tiltak-for-lindrende-behandling-og-omsorg-ved-livets-slutt
Målet med ordninga er å styrke kvaliteten i tilbodet til pasientar med behov for lindrande behandling og omsorg uavhengig av diagnose, samt bidra til kompetanseoppbygging i kommunane.
Tilskotet vert forvalta av fylkesmannen i eit samarbeid med dei regionale kompetansesentra for lindrande behandling.
Ved behov for råd og rettleiing kan kommunar ta kontakt med Kompetansesenter i lindrande behandling (KLB) eller Utviklingssenter for sjukeheim og heimetenester i fylket sitt.
Kommunar i Helseregion Vest kan kontakte KLB: lindrende.behandling@helse-bergen.no tlf 55 97 58 24
Ved spørsmål om ordninga, kontakt Fylkesmannen i Vestland ved Beate Helland tlf 55 57 22 15 fmhobeh@fylkesmannen.no