Søk tilskot til prosjekt innan lindrande behandling i kommunen

Helsedirektoratet lyser også i år ut middel til kompetansehevande prosjekt innan lindrande behandling og omsorg ved livets slutt i kommunane. Det er lyst ut 14,5 millioner kroner for heile landet. Søknadsfrist er 1. mars 2018.

Kunngjering om tilskotsordninga på Helsedirektoratet sine nettsider: https://helsedirektoratet.no/tilskudd/kompetansehevende-tiltak-for-lindrende-behandling-og-omsorg-ved-livets-slutt

Formålet med ordninga er å styrke kvaliteten i tilbodet til pasientar med behov for lindrande behandling og omsorg, samt bidra til kompetanseoppbygging i kommunane. Ordninga skal og bidra til ivaretaking av pårørande sine behov.
 
Ved behov for råd og rettleiing kan kommunar ta kontakt med Kompetansesenter i lindrande behandling (KLB) eller Utviklingssenter for sjukeheim og heimetenester i fylket sitt.
Kommunar i Helseregion Vest kan kontakte KLB: tlf 55 97 58 24 eller lindrende.behandling@helse-bergen.no

Ved spørsmål om ordninga, kontakt Fylkesmannen i Hordaland ved Beate Helland  tlf 55 57 22 15 fmhobeh@fylkesmannen.no