HELSENORGE

"Retningslinjer for fysioterapi til pasienter i palliativ fase" er revidert

Revidert versjon er nå klar.

​«Retningslinjer for fysioterapi til pasienter i palliativ fase» er nå revidert og oppdatert. Retningslinja blei opphaveleg utarbeidd i 2009 i eit samarbeid mellom Kompetansesenter i lindrande behandling Helseregion Vest (KLB), Haukeland universitetssjukehus (HUS) og Haraldsplass Diakonale Sykehus. I tillegg til faglege oppdateringar og forbetringar, er den reviderte utgåva noko endra/utvida i tråd med utviklinga av palliasjonsfeltet, som inneber auka medvit om at palliasjon gjeld fleire grupper enn kreftpasientar.

I tillegg til dei opphavelege forfattarane har fleire fagpersonar bidratt og kvalitetssikra retningslinja.

Retningslinja ligg på KLB si nettside under Palliasjon – verktøy for helsepersonell under overskrifta «Fysioterapi til pasientar i palliativ fase».
Ho ligg og på Helsebiblioteket under Retningslinjer og veiledere under overskrifta «Palliasjon - retningslinjer for fysioterapi til pasienter i palliativ fase».

Retningslinja har fått ny framside med måleri av kunstnar og fysioterapeut Torunn Urnes Meyer ved HUS.

Forhåpentlegvis vil retningslinja fortsatt vere ein nyttig reiskap for fysioterapeutar over heile landet.

Forside retningslinjer