Regional fagdag om livets siste dagar 2015

3. november 2015 var 140 engasjerte legar og pleiarar samla for å hente fagleg påfyll og inspirasjon i arbeidet med døyande pasientar og deira pårørande.

 

For tredje år på rad var helsepersonell samla til fagdag i Bergen. Leiarar var i år særskilt inviterte. Leiarane har ansvar for å legge tilhøva til rette for at dei tilsette kan ha naudsynt kompetanse og moglegheit til å reflektere omkring arbeidet ved livets slutt.

Først på programmet sto oppdatering om status for bruk av ny plan (Livets siste dagar) og gjennomgang av plandokumentet. Deretter drøfta overlege Aart Huurnink føresetnader for å nytte planen, med fokus på å forstå når ein pasient er døyande. Kartlegging av symptom og plager hos døyande pasientar med demenssjukdom eller anna kognitiv svikt var og på programmet.

Sjukepleiarar frå både kommune- og spesialisthelsetenesta delte sine erfaringar med kva som kan gjere at «ingenting går av seg sjølv» ‒ korleis kan vi integrere og vidareføre bruken av planen for lindring i livets siste dagar? Deltakarene fikk og høyre døme på korleis opplæringa til andre faggrupper enn legar og sjukepleiarar er sett i system.

Marianne Brattgjerd frå Høgskolen i Nord-Trøndelag la fram si masteroppgåve, ei intervjustudie med  sjukepleiarar i sjukeheimar. Oppgåva søkte å svare på spørsmålet «Er det trygt å døy på sjukeheim?» Intervjua omhandla bruken av LCP i norske sjukeheimar. 

 

Deltakarane kom frå 23 kommunar i regionen. Evalueringa etter fagdagen syner at det er ønske om ein årleg fagdag.

Fagdagen vart arrangert i samarbeid mellom Utviklingssenter for sjukeheim og heimetenester i Hordaland og Kompetansesenter i lindrande behandling Helseregion Vest.