Regional fagdag for Livets siste dagar 2016

29. november var 90 legar og pleiarar samla for fagleg påfyll, oppdatering og erfaringsutveksling, til beste for døyande pasientar og deira pårørande.

 

​For fjerde år på rad var helsepersonell på Vestlandet samla til fagdag om omsorg for døyande. Dagen starta med ein grundig gjennomgang av SINTEF-rapporten «Evaluering av tjenestetilbudet til personer med behov for lindrende behandling og omsorg mot livets slutt». Evalueringa omfatta særskilt implementering og bruk av planen Livets siste dagar. Forskar Line Melby, som har leia arbeidet, presenterte rapporten og gav ei oppsummering av resultata og anbefalingane. Konklusjonen er at Livets siste dagar i all hovudsak vert opplevd som eit nyttig verktøy som bidrar positivt i omsorga ved livets slutt. Nettverkskoordinator Grethe Skorpen Iversen følgde opp med å drøfte praktiske konsekvensar av rapporten, før engasjerte deltakarar arbeidde i grupper ut frå problemstillingar i resultata.

Smertelindring i livets sluttfase er eit aktuelt tema.  Einingsleiar Wenche D. Bertelsen og sjukeheimsoverlege Aart Huurnink frå Lindrende enhet på Boganes sykehjem i Stavanger delte praktiske erfaringar og gav nyttige tips. Neste post var ein engasjerande paneldiskusjon om samspel til pasientens beste og kva betyding det har i livets sluttfase, med representantar frå både spesialisthelsetenesta og dei kommunale helse- og omsorgstenestene: Helse Førde og Bergen, Masfjorden og Sola kommune.

Til avslutning presenterte medisinstudent Maria Emhjellen Paulsen resultat frå ei pårørandestudie i sjukeheimar. Resultata syner at bruk av ein tiltaksplan for omsorg til døyande betrar kommunikasjonen med dei pårørande.

Deltakarane kom i år frå 21 kommunar i regionen. Evalueringa etter fagdagen er positiv og viser at det er nyttig å møtast ein gong i året for å dele erfaringar, bli inspirert og få fagleg påfyll. 

Fagdagen vart arrangert i samarbeid mellom Utviklingssenter for sykehjem og hjemmetjenester i Hordaland og Kompetansesenter i lindrande behandling Helseregion Vest.