Rapporten om evalueringa av det palliative tilbodet publisert

SINTEF Helse har på oppdrag frå Helsedirektoratet gjort ei evaluering av tilbodet til personar med behov for lindrande behandling og omsorg ved livets slutt. Rapporten blei publisert under Landskonferansen i palliasjon 14. september.

 

Rapporten bygger på ei lang rekke intervju, spørjeundersøkingar og registerdata. Eit viktig funn er at fleire pasientgrupper har behov for lindrande behandling enn dei som mottar dette tilbodet i dag. Styrker i tilbodet er mellom anna nettverk av ressurssjukepleiarar og kreftkoordinatorar.

Sjå heile rapporten her

Rapporten har hatt eit særskilt fokus på implementering og bruk av tiltaksplanen ”Livets siste dagar”. Konklusjonen er at planen i all hovudsak vert opplevd som eit nyttig verktøy som bidrar positivt i omsorga ved livets slutt. Ved innføring av planen er det viktig å hugse på at det er helsepersonellet sin bruk av planen som avgjer kor god pleie og omsorg pasienten får, ikkje planen i seg sjølv. Det er derfor nødvendig at planen vert brukt av helsepersonell som har kompetanse i omsorg til døyande og har fått opplæring i og følgjer retningslinjene for bruk av planen.