Publisert fagprosedyre for Livets siste dagar

På Helsebiblioteket sine nettsider er det nå publisert ein fagprosedyre for implementering og bruk av planen Livets siste dagar.

 

Fagprosedyren er utarbeidd i tett samarbeid mellom sjukepleiarar og legar i kommune- og spesialisthelsetenesta i Helseregion Vest. Formålet er å sikre einskapleg implementering og rett bruk av Livets siste dagar. Prosedyren er såleis ei forlenging av oppstartspakken, som alle nye brukerstader får tilsendt etter registrering. Hugs at for at du som helsepersonell skal kunne nytte denne prosedyren, må han først verte godkjend for bruk i det enkelte helseføretak.

Her finn du fagprosedyren: http://www.helsebiblioteket.no/199339/livets-siste-dager