«Palliasjon i eit samfunn i endring» var tema for dagen. Geir Andvik, leiar for Seksjon smertebehandling og palliasjon, leia seminaret, med om lag 175 personar til stades. Vi fekk høyre om historia til palliativt team, palliative tilbod i Helseregion Vest, ny NOU om palliasjon som kom i desember 2017 og korleis ein arbeider tverrfagleg i teamet. Det vart peika på dagens utfordringar innan fagfeltet og vidare planar for organisering av palliasjon i Helse Bergen.
Gjesteforelesar var Allan Kellehear, professor ved Universitetet i Bradford, England. Hans hovudbodskap var å sjå betydinga av sosial støtte og lokalsamfunnet si involvering når alvorleg sjukdom rammar. Kellehear er opptatt av korleis me alle kan vere støttespelarar for den som er sjuk og for familien rundt.
Seminaret fekk synt fram Palliativt team på ein god måte, og samtidig understreka at palliasjon er alle sitt ansvar.