Palliasjon og koronavirus (COVID-19)

Palliasjons-verktøykassa for helsepersonell har under pandemien blitt utvida, men ikkje endra i større grad. 

​Betydinga av (grunnleggande) palliasjon har blitt understreka dei siste vekene. Framleis gjeld det å møte den einskilde pasient og pårørande på best mogleg vis, vere førebudd på å kunne lindre plagsame symptom og gje døyande pasientar den hjelpa dei treng. Hugs og å ta vare på kvarandre! Palliasjon - verktøy for helsepersonell

Under Forsking og fagutvikling Om korona (COVID-19) vert aktuelle artiklar og lenker lagt ut. Ver merksam på at råd raskt kan bli oppdaterte.