Produksjonen av Dolcontin depotgranulat til mikstur er avslutta og no nærmar det seg tomt hos dei norske grossistane som leverer til apoteka. Eit alternativ som er til vurdering, er å importere Sevre-long depotkapsel 30 mg frå Sveits. Det er angitt at desse kapslane kan opnast og innhaldet kan blanast med mat eller drikke. Det er ikkje angitt om det kan gå i sonde, men produsenten oppgir at korna er 0,25-1,8 mm i diameter. Men enno er det usikkert om desse blir lagerførte av grossistar og apotek i Noreg.
Akutelle legemiddelmanglar:
• Lyrica (pregabalin) 10 mg/ml mikstur:
Det har vore mangel på miksturen ei stund, det er forventa ny levering i slutten av februar, dei fleste apotek er tomme. Lyrica kapslar kan opnast og innhaldet kan blandast med vatn (1). Så dersom dosen i ein kapsel passar, er dette kanskje eit godt nok alternativ.
• Naproxen-E 375 mg tablettar:
Det er mangel på denne styrken i 100 pakning, men det finst 20 pakningar tilgjengeleg. Eit alternativ er også Napren-E 375 mg eller annan styrke av Naproxen-E. Mangelen er forventa å vare til mars.
• Stesolid (diazepam) stikkpiller, rektalvæske og injeksjon:
Det er ikkje mogeleg å få tak i Stesolid stikkpiller eller Stesolid prefill rektalvæske (prefill er ei gradert rektalsprøyte der det er mulig å gi deldoser). Stesolid rektalvæske (tube) i dosene 5 mg/2,5 ml og 10 mg/2,5 ml er framleis tilgjengelege. Det er vanskeleg å ta ut deldose frå desse tubene.
Det er tatt inn alternativ for Stesolid injeksjon (emulsjon). Den alternative diazepam-injeksjonen er ei oppløysing. Den vil derfor sjå annleis ut, med utanlandsk merking (10 mg/2 ml og truleg engelsk) og eventuell utblanding kan vere ulik mellom preparata. Les meir om dette hos Legemiddelverket:
Mangel på Stesolid injeksjonsvæske - Legemiddelverket (3). Ny forventa levering av «norsk» Stesolid injeksjonsvæske er midt i juni.
• Targiniq(oksykodon/nalokson) 5 mg/2,5 mg, 10 mg/5 mg og 40mg/20mg:
Legemiddelverket har varsla mangel fram til midten av juni, men skriv samstundes at det finst tilgjengelege alternativ. Mangelen skuldast i følgjen produsenten, Mundipharma, auka etterspurnad.
Desse legemiddelmanglane skal vere oppdaterte i Felleskatalogen (
www.felleskatalogen.no) og dei i ulike forskrivingssystema, slik at legar blir varsla og kan velje andre alternativ allereie på dette tidspunktet.
Referansar: