Omsorg for døyande under koronakrisa

Har du vore med på å gi omsorg til døyande under covid-19-pandemien? Då håper vi at du vil dele dine erfaringar ved å delta i ein internasjonal studie. 

Denne våren har vi erfart covid-19-pandemien sin innverknad på mange ulike livsområde, inkludert omsorga for menneske ved slutten av livet. Dersom du ga behandling eller pleie til ein døyande vaksen i denne perioden, uansett diagnose, vert du invitert til å dele dine erfaringar ved å svare på eit spørjeskjema.  

Studien er del av Horizon 2020-prosjektet iLIVE: «Live well, die well». I Noreg er Kompetansesenter i lindrande behandling Helseregion Vest på Haukeland universitetssjukehus ansvarleg for studien. Prosjektet er godkjent av regional komite for medisinsk og helsefagleg forskingsetikk.

Studien vil omfatte 18 land, og håper å kunne samle verdifull kunnskap med tanke på liknande situasjonar i framtida. Vi er takksame for alle helsearbeidarar som vil delta. Studien er og aktuell for pårørande og for frivillige som har gitt omsorg til døyande. 

Lenke til meir informasjon og spørjeskjema