Pårørande, helsepersonell og frivillige sine opplevingar og erfaringar

Omsorg for døyande under covid-19-pandemien

Føremålet med prosjektet er å studere kvaliteten på omsorga som blir gitt til døyande og deira pårørande, og korleis koronapandemien eventuelt har innverka på denne omsorga og dei involverte sine opplevingar og erfaringar.

Helsepersonell har som mål å gi den beste behandling, pleie og omsorg som mogeleg, også i krevjande situasjonar, slik som vi nyleg har opplevd under covid-19-pandemien. Føremålet med dette prosjektet er å lære av pårørande, helsepersonell og frivillige sine opplevingar og erfaringar med omsorga ved slutten på livet i denne perioden. Vi er interessert i alle dødsfall som har hendt heime, på sjukeheim eller sjukehus i heile landet,  frå og med 1. mars 2020, uavhengig av om dødsfallet skuldast covid-19 eller noko anna.

Studien inneber å svare på eit nettbasert spørjeskjema. Forskingsprosjektet er ein del av ein internasjonal studie og forskingsansvarleg institusjon i Norge er Helse Bergen.

Kven kan delta?

Alle personar over 18 år som nyleg har opplevd at ein nær ven eller slektning døydde.
Som helsepersonell eller frivillig kan du delta dersom du nyleg har opplevd at ein pasient, brukar eller bebuar som du har tatt deg av, døydde.

Kva inneber studien?

Du svarer på eit nettbasert spørjeskjema. Det blir ikkje registrert personlege opplysningar som kan sporast tilbake til deg, den avdøde eller nokon som var involvert i behandlinga eller pleia av han/ho. Det vil ta cirka 15-20 minutt å fylle ut skjemaet.

PÅRØRANDE Meir informasjon og lenke til spørjeskjema

Lenke til spørjeskjemaSpørjeskjemaet inneheld spørsmål om behandlinga og pleia som din pårørande fekk i sine to siste levedagar, kva støtte du som pårørande fekk, og korleis personalet kommuniserte med deg. Det er også nokre spørsmål knytt til eventuell innverknad frå koronakrisa. Ved å fylle ut spørjeskjemaet kan du la oss vite korleis du vurderte omsorga som blei gitt, og kva som eventuelt kunne vore betre. Avslutningsvis er det nokre spørsmål om din eigen situasjon og helsetilstand. 


Dersom du ynskjer det, vil du også kunne delta i ei oppfølgande  undersøking. All deltaking i prosjektet er heilt frivillig, og du kan trekke deg kva tid som helst.
 
Dersom du har spørsmål om studien eller spørjeskjemaet, kan du kontakte forskingsteamet: Forskingssjukepleiar Kjersti Solvåg, telefon 55 97 58 24/918 80 659 og e-postadresse: kjersti.solvag@helse-bergen.no eller prosjektleiar Katrin Rut Sigurdardottir, telefon 55 97 58 24 og e-postadresse: katrin.rut.sigurdardottir@helse-bergen.no

Dersom du føler behov for støtte etter å ha fylt ut spørjeskjemaet, kan du kontakte Mental Helse på Hjelpetelefonen 116 123, Kirkens SOS på telefon 22 40 00 40 eller forskingsteamet.

HELSEPERSONELL/FRIVILLIG Meir informasjon og lenke til spørjeskjema

Lenke til spørjeskjema
Spørjeskjemaet inneheld spørsmål om behandlinga og pleia som pasienten, brukaren eller bebuaren din fekk i sine to siste levedagar, kva støtte pårørande fekk, og korleis personalet kommuniserte med pårørande og pasient. Det er også nokre spørsmål om eventuelt koronakrisa påverka den omsorga som blei gitt. Ved å fylle ut spørjeskjemaet kan du la oss vite korleis du vurderte omsorga som blei gitt, og kva som eventuelt kunne vore betre. Avslutningsvis er det nokre spørsmål om din eigen situasjon og helsetilstand. 

Dersom du ynskjer det, vil du også kunne delta i ei oppfølgande  undersøking. All deltaking i studien er heilt frivillig, og du kan trekke deg kva tid som helst.
Dersom du var involvert i behandlinga og pleia av meir enn ein døyande person, kan du velje kven av desse du fyller ut spørjeskjemaet om. Du kan også fylle ut spørjeskjemaet fleire gonger, men berre ein gong for kvart dødsfall.

Viss du har spørsmål om studien eller spørjeskjemaet, kan du kontakte forskingsteamet: Forskingssjukepleiar Kjersti Solvåg, telefon 55 97 58 24/918 80 659 og e-postadresse:
kjersti.solvag@helse-bergen.no eller prosjektleiar Katrin Rut Sigurdardottir, telefon 55 97 58 24 og e-postadresse: katrin.rut.sigurdardottir@helse-bergen.no

Fann du det du leita etter?