Nytt om medikamentskrinet for vaksne - morfin i ampullar

Morfin hetteglaset i medikamentskrinet er bytta ut med morfin i ampullar, i same styrke: 10 mg/ml. Det er ikkje lengre mulig å få tak i konservert morfin 10 mg/ml i hetteglas.  

​Morfin NAF 10 mg/ml, 10 ml hetteglas som er konserverte, er ikkje å få tak i. Dei er erstatta av Morfin Takeda 10 mg/ml, 10 ml hetteglas. Desse hetteglasa er ukonserverte, og har begrensa haldbarheit (12 timer i romtemperatur eller 24 timer i kjøleskap) etter anbrudd. Dette er lite hensiktsmessig, vi har derfor valt å byte til ampullar (10 x 1 ml) i medikamentskrinet. 

Merk det framleis er mulig å rekvirere morfin i annan styrke eller byte til oksykodon, jfr. Veileder for rekvisisjon og bruk av Medikamentskrinet for symptomlindring i livets sluttfase

 

Lenke til oppdatert innhaldslisteLenke til oppdatert endringslogg