Nytt e-læringskurs om Livets siste dagar

E-læringskurs om Livets siste dagar og bruk av denne planen i journalsystemet Profil er nå tilgjengeleg. Kurset er basert på undervisninga i startpakken for Livets siste dagar.
For å ta kurset må ein ha tilgang til KS-læring. Kurset kan nyttast som eit årleg obligatorisk kurs, som introduksjon for nye tilsette eller til oppfrisking om det er lenge sidan planen sist vart brukt.

​Prosjektleiar Synnøve Barsten i Kristiansund kommune har laga kurset i samarbeid med kommunen sine digitale rådgivarar og nettverkskoordinator for Livets siste dagar.

Link til kurset på KS Læring: https://www.kslaring.no/local/course_page/home_page.php?id=10271