HELSENORGE

Nytt e-læringskurs i palliativ behandling av eldre og alvorleg sjuke med covid-19

Aldring og helse lanserer eit nytt kurs som skal gje helsepersonell i kommunale helse- og omsorgstenester kompetanse i covid-19-spesifikk palliasjon.

På oppdrag frå Helsedirektoratet har Nasjonal kompetanseteneste for Aldring og helse utvikla dette e-læringskurset i palliativ omsorg, pleie og behandling av eldre og alvorleg sjuke personar med covid-19, som bur heime eller på sjukeheim. 

Kurset gir opplæring i symptomstøttande behandling i ein fase der pasienten klarer seg bra og kanskje blir frisk igjen. Det inkluderer også opplæring i kliniske observasjonar, slik at helsepersonell raskt kan identifisere forverring. Til slutt handlar kurset også om palliativ pleie, omsorg og behandling i livets sluttfase når pasienten blir svært sjuk.

Sjølv om kurset særskilt rettar seg mot tilsette i kommunale helse- og omsorgstenester, vil det også vere interessant for helsepersonell i spesialisthelsetenesta. Kurset er gratis og ope for alle.