Nettverk av fysioterapeutar i Helse Stavanger

Nettverket av fysioterapeutar er ein del av "Nettverk i kreftomsorg og lindrende behandling i Helse Stavanger foretaksområde".

​Sjukepleiarnettverket og fysioterapinettverket har ein felles avtale og felles strategiplan. 

Fysioterapinettverket har ca. 30 ressurspersonar frå Stavanger universitetssjukehus, kommunane i føretaksområdet og frå privat praksis. 

I følgje nettverket sin felles strategi er målet å bidra til kompetanseheving og betre samhandling på alle nivå i helsetenesta. I samsvar med dette er målet for fysioterapinettverket at palliative pasientar skal få et best mogeleg fysioterapitilbod som ein naturleg del av et palliativt tilbod. Dette skal skje ved å: 

  • Auke fysioterapeutane sin kompetanse, interesse og engasjement for palliasjon
  • Skape eit forum for samhandling mellom fysioterapeutar på dei ulike nivåa og dermed fremme samarbeid og behandlingsflyt i fysioterapitenesta
  • Fremme samarbeid med andre faggrupper

Nettverket blir leia av ei driftsgruppe på seks personar med representantar frå Stavanger Universitetssjukehus, Stavanger kommune, Sandnes kommune, ein mindre kommune, ei lindrande eining og ein privat fysioterapipraksis. 

Driftsgruppa har ansvar for å drifte nettverket og arrangere samlingar i samsvar med strategidokumentet og fysioterapinettverket sin årsplan og kompetanseplan.  

Aktivitet i nettverket

Vårens halvdagssamling for fysioterapinettverket  vert arrangert 7. mars 2017, kl 12.00-15.00, på Boganes sykehjem.
Tema:  Palliativ fysioterapi og lungefysioterapi til pasienter med langtkommet nevromuskulær lidelse og KOLS

Invitasjon og program for halvdagssamlinga (pdf) 

 

Aktuelle dokument

Navneliste ressurspersonar og driftsgruppa (xls)Årsrapport 2016 (pdf)Årsplan 2017 (pdf) Funksjonsbeskrivelse (pdf) Kompetanseplan (pdf)

Nyhetsbrev

Nyhetsbrev oktober 2016 (pdf)

   

Linkar/ressursar

Retningsliner for fysioterapi til pasientar i palliativ fase (pdf) Landsoversikt fysioterapeutar med lymfødemkompetanse (pdf)