HELSENORGE

Nettverk for kreftomsorg rundar 10 år

For 10 år sidan vart det starte eit nettverk av ressurspersonar i kreftomsorg og lindrande behandling i Helse Bergen. Jubileet vart markert på den årlege fagdagen 10. november.

​Frå Gulen i nord til Austevoll i sør, frå ytst på Fedje til innlandet Voss og Kvam kom det sjukepleiarar, fysioterapeutar og ergoterapeutar for å vere med på å markere den 10. fagdagen i nettverket.

To vernepleiarar, ein sosionom og åtte kreftkoordinatorer var og med, saman med ei engasjert gruppe av leiarar. I alt deltok 160 personar på fagdagen på denne felles samlinga for nettverket. 

Kreftomsorg ved livets slutt

«Heimetid - palliasjon i heimen i livets siste fase» var temaet. Sentrale målsettingar for dagen var å gi auka kunnskap om kva som skal til for å skape ei god heimetid og korleis ein kan legge til rette for godt samarbeid på tvers av nivå og faggrupper.

Deltakarane fekk høyre viktige erfaringar frå ein pårørande. Fastlege Katrin Kvideland drøfta palliasjon i heimen frå fastlegen sin ståstad, og spesialsjukepleiar Øyunn Granerud heldt eit flott innlegg om «Den livsviktige heimetida». Fysioterapeut Lise Amundsen synte kor viktig den tverrfaglege tilnærminga er i dette arbeidet.  

Sikrar spredt kompetanse

Tre prosjekt som er drevne av sjukepleiarar i nettverket, blei presenterte på fagdagen: «Pårørande på timeboka» ved Sissel Kvame i Gulen kommune, «Kreftkoordinator i primærhelsetenesta» ved Monica Moe, Askøy, og «Trur du vi kan klare det? Kompetanseheving til tilsette i bufellesskap for menneske med psykisk utviklingshemming» ved Grethe Skorpen Iversen, Bergen kommune og Kompetansesenter i lindrande behandling Helseregion Vest. Resultat av den årlege rapporteringa frå ressurspersonar og leiarar vart også lagt fram. 

Det gode frammøtet synes kor viktig det er med ein felles arena for å få fagleg påfyll, utveksle erfaringar og knytte nye kontaktar.
Fagdagen vart ein flott dag! Vi er stolte over å kunne seie at nettverket er eit godt redskap for å sikre kompetanse ut i alle kommunar og sjukehus i vårt område.