HELSENORGE

Nasjonale faglege råd for lindrande behandling i livets sluttfase

Helsedirektoratet har komme med nye nasjonale, faglege råd om lindrande behandling i siste delen av livet: dei siste vekene, dagane og timane. Råda gjeld vaksne pasientar/bebuarar, og skal kunne nyttast uavhengig av diagnose og omsorgsstad. Dei faglege råda belyser mellom anna førehandssamtalar, symptomlindring, vurderingar når den forventa levetida er kort, og når pasienten er døyande, samt involvering av og støtte til pårørande i denne fasen.