HELSENORGE

Medikamentskrinet er tilgjengeleg i heile Helse Vest

Frå oktober er det mogeleg å bestille medikamentskrin for vaksne frå Sjukehusapoteket i Stavanger. No kan skrinet bestillast frå alle sjukehusapoteka i Helse Vest. 

Medikamentskrin for symptomlindring i livets sluttfase er endeleg tilgjengeleg i Helse Stavanger, på same måte som i dei andre føretaksområda.

Skrinet kan rekvirerast av legen til den enkelte pasient, eller kan kjøpast inn til bruk i institusjon (for eksempel sjukeheim). Skrinet kan rekvirerast på telefon (som vanleg telefonresept) frå:

  • Sjukehusapoteket i Førde
    Telefon 57 83 98 50
  • Sjukehusapoteket i Bergen 
    Telefon 55 97 53 44 (val 1) 
  • Sjukehusapoteket i Haugesund 
    Telefon 52 73 21 82
  • Sjukehusapoteket i Stavanger
    Telefon 51 51 92 38

Meir informasjon om medikamentskrinet finn du her

Har du tilbakemeldingar om medikamentskrinet, kan desse sendast på e-post til kompetansesenteret: lindrende.behandling@helse-bergen.no