HELSENORGE

Medikamentskrinet er oppdatert

Den årlege gjennomgangen av innhaldet i medikamentskrinet for symptomlindring i livets sluttfase for vaksne er no fullført.

Kvart år går lege og farmasøyt ved kompetansesenteret igjennom innhaldet i medikamentskrinet og vurderer det opp mot internasjonal litteratur og eventuelle tilbakemeldingar frå brukarane. For endringar som er gjort, sjå endringsloggen. Alle dokumenta er oppdaterte, med oppdateringsdato, men utan sluttdato.

Alle dokumenta som høyrer til medikamentskrinet, ligg på kompetansesenteret si nettside Medikamentskrin til vaksne​​

Har du tilbakemeldingar om medikamentskrinet, kan desse sendast på e-post til: lindrende.behandling@helse-bergen.no