Markerte verdsdagen for lindrande behandling

«Ingen treng å leve eller døy i smerte» var tema for verdsdagen i år.

Gruppebilde av ansatte. Foto
 

Tilsette frå Kompetansesenter i lindrande behandling og Palliativt team stod på stand i foajeen i Sentralblokka fredag. Dei delte ut brosjyrar, refleks og twist, og  buttons med 3-tall som ei påminning om målet for smertelindring. 3-talet indikerer grensa for kva ein som helsepersonell bør akseptere av smerter hos ein pasient, når pasienten sjølv angir styrken av smerte og plagsame symptom på ein skala frå 0 til 10.

Målgruppa for standen var både helsepersonell og pårørande, og standen vart etter kvart godt besøkt.

Kompetansesenter i lindrande behandling er eit ressurssenter for alle som arbeider med lindrande behandling i Helseregion Vest.
Palliativt team har tilsyn med pasientar som er innlagt på Haukeland, og bidrar med råd og rettleiing innan lindrande behandling, pleie og omsorg for pasientar med alvorleg livstruande sjukdom.

Etter å ha stått på stand fredag besøkte tilsette frå både senter og team sengepostane på sjukehuset med buttons og ei lita overrasking.

Les meir om verdsdagen