HELSENORGE

Informasjon om elektroniske søknader om individuell stønad på blå resept

Helsedirektoratet og Helfo har utarbeida elektronisk søknadsløysing for individuell refusjon til legemiddel og ernæring på blå resept. Den nye løysinga erstattar søknader på papir og elektronisk søknad i e-resept, og bør brukast frå hausten 2020.

Den nye søknadsløysinga er tilgjengeleg via tenesteportalen på Norsk Helsenett (NHN). Det er eit mål at den skal bli integrert i elektronisk pasientjournal. Helsedirektoratet ønskjer å forskriftsfeste krav til bruk av løysinga, men inntil det er avgjort, blir det oppfordra til bruk av denne for blant anna å korte ned saksbehandlingstida.
Mona Alsaedy, sjukehusfarmasøyt ved Sjukehusapoteket i Bergen, har laga ein presentasjon om søknadsløysinga, samt oppsummert generell informasjon og praktiske spørsmål i samband med presentasjonen. KLB har fått lov til å dele både presentasjonen og spørsmål/svar.

Lenke til nettside med meir informasjon om søknader om individuell stønad på blå resept