HELSENORGE

Heimetid og heimedød, utlysing av tilskot

Helsedirektoratet lyser ut tilskot til kommunar til å utvikle modell for heimetid og heimedød. 

Kommunar som blir valt ut til å delta i utviklingsprogrammet, får tilskot tre år på rad. Den samla ramma for tilskotet er planlagt fordelt på 4-6 prosjekt. Rettleiande tilskotsbeløp er kr 500 000-750 000 per kommune per år. Søknadsfrist er 15. oktober 2021. 

Kunngjering om tilskotet på Helsedirektoratet sine nettsider: Utviklingsprogram hjemmetid og hjemmedød - Helsedirektoratet

Det overordna målet med ordninga er å legge til rette for lindrande behandling og omsorg i heimen for alvorleg sjuke pasientar og deira pårørande og for ein verdig død heime. Dette skal skje ved å styrke tilrettelegginga av helse- og omsorgstenestene. 

Endeleg målgruppe er alvorleg sjuke personar over 18 år i dei siste månader av livet, uavhengig av diagnose, og deira pårørande.
Primærmålgruppe er dei sentrale aktørane i eit kommunalt palliativt team rundt pasient og pårørande, inkludert fastlegen, heimesjukepleia og andre aktuelle faggrupper, ei kommunal eller interkommunal palliativ eining, t.d. på sjukeheimen, og palliativ eining i spesialisthelsetenesta.

Utviklingsprogrammet inngår som tiltak i Meld. St. 24 (2019–2020) "Lindrende behandling og omsorg - Vi skal alle dø en dag. Men alle andre dager skal vi leve". Utviklinga av modellar og løysingar gjennom programmet skal ta utgangspunkt i NOU 2017:16 På liv og død. NOU'en beskriv ein framtidig modell for organisering av palliasjon til vaksne.

Tilskotsmidla skal nyttast til modellutvikling i 3 fasar:
  1. Kommunane skal utvikle ein lokal teoretisk modell for lindrande behandling og omsorg i heimen. Denne prosessen skal ta utgangspunkt i mogelegheiter og utfordringar ved eksisterande lokal praksis og kunnskap frå NOU 2017:16 På liv og død. 
  2. Kommunane skal planlegge og gjennomføre ei utprøving av den valde modellen i praksis.
  3. Kommunane skal evaluere og justere modellane sine. Senter for omsorgsforskning skal stille saman modellane og utarbeide ein felles sluttrapport.

Helsedirektoratet sine nettsider​ finn ein blant anna meir informasjon om 
mål for ordninga
kven som kan få tilskot
kva som må vere med i søknaden
tildelingskriterium

Helsedirektoratet vil sørge for rettleiing og dialog undervegs i arbeidet, i samarbeid med Senter for omsorgsforskning.