Tema for webinaret er først erfaringar med medikamentskrin for lindring til døyande pasientar i heimen – er denne ordninga trygg og nyttig?
Dr. Ben Bowers har forska på førehandsforskriving av medikament til døyande, og har intervjua både pasientar, pårørande og helsepersonell.
I andre del av seminaret vil professor Jim Cleary snakke om at mangelen på tilgang til opioid internasjonalt er eit hinder for god palliasjon. Professor Cleary er ein verdsleiande ekspert på opioidbruk og -tilgang.
Meir informasjon om program og påmelding: Global Challenges for Opioid Use in Care for the Dying Person | Bestcareforthedying