Film om ressurssjukepleiar

Nettverket i Sogn og Fjordane har laga ein informasjonsfilm om ressurssjukepleiar si rolle.

​Filmen hadde premiere på nettverket sin årlege fagdag, som vart arrangert 5. februar på Thon Hotel Jølster. Filmen er meint for pasientar og pårørande, og er laga i samarbeid med Hafstad vidaregåande skule i Førde.  Sjå filmen her

Fagdagen samla over 130 ressurssjukepleiarar, leiarar og fastlegar. Hovudtema for dagen var «nye» pasientgrupper i palliasjon. Deltakarane fekk høyre gode førelesningar frå sjukepleiarar og lege med kompetanse innan hjartesvikt, KOLS, demens og nyresjukdom i sluttstadiet. Smertekartlegging hos personar med demens var og drøfta. Det var stort engasjement i salen under gruppearbeid med drøfting av case.
Fagdagen ga nyttig undervisning om store og viktige pasientgrupper, og gode moglegheiter for kontakt på tvers av fylket.

Driftsgruppa håpar filmen kan verte flittig brukt for å informere om nettverket.