Endringar i finansiering av legemiddel

Frå nyttår er det store endringar i finansiering av legemiddel over blåreseptordninga, og bidragsordninga for legemiddel er avvikla.

​Endringane i blåreseptordninga er i stor grad knytte til nye legemiddel, der desse skal metodevurderast før dei kan takast i bruk. Det er også endringar i  individuell stønad på blå resept, for nye søknader. Pasientar med gyldige vedtak (frå tidlegare) kan framleis nytte desse.

Meir om endringane finn de her: https://helfo.no/sider/Viktige-endringer-i-finansieringen-av-legemidler.aspx

Informasjon om refusjon på KLB sine nettsider vil bli oppdatert i løpet av kort tid.