LCP, «Liverpool Care Pathway» er ein plan for omsorg til døyande pasientar og deira pårørande. Planen har vore i bruk i Noreg sidan 2006. Hausten 2015 vart denne planen erstatta av ein ny plan, «Livets siste dagar – plan for lindring i livets sluttfase». Alle som tidlegare brukte LCP, har nå gått over til å bruke denne nye planen. «Livets siste dagar» bygger på LCP, men ein del punkt er endra ut frå forskingsresultat og tilbakemeldingar frå brukarane. Ei viktig tilbakemelding var at planen trengte eit norsk namn som synleggjorde målsettinga med planen.
«Livets siste dagar – plan for lindring i livets sluttfase» skal hjelpe helsepersonell til å gi best muleg omsorg til døyande pasientar og deira pårørande, og vert nytta i dei siste dagane av livet. Planen omhandlar lindring av smerter og andre plager, informasjon og kommunikasjon, god pleie og respektfullt stell og omsorg etter døden.
Bruk av LCP og «Livets siste dagar»
Over 20 land i verda nyttar LCP eller tilsvarande retningslinjer og planer. Desse planane bygger på internasjonalt anerkjente prinsipp for omsorg til døyande pasientar, utvikla på hospice og lindrande avdelingar over heile verda. Studiar har synt at LCP gir tryggleik for pasientar, pårørande og tilsette ved å sette ein felles standard for god behandling og pleie. Men ein slik plan er inga behandling i seg sjølv. Ein føresetnad for bruk av planen er at personalet har den nødvendige kompetansen til å avgjere når pasienten har nådd den døyande fasen, og til å kunne gi god omsorg, følge planen og kontinuerleg vurdere situasjonen.
I Noreg har det vore lagt ned eit stort arbeid for å kvalitetssikre bruken av LCP og seinare «Livets siste dagar». I september blei rapporten «Evaluering av tjenestetilbudet til personer med behov for lindrende behandling og omsorg» lagt fram av SINTEF Helse. Rapporten har særskilt vurdert implementering og bruk av «Livets siste dagar». Konklusjonen er at dette er eit nyttig verktøy som bidrar positivt i omsorga ved livets slutt.
Inga sjekkliste for å kjenne att dødsfasen
Verken «Livets siste dagar» eller LCP er ei sjekkliste som kan nyttast for å finne ut når ein pasient har nådd den døyande fasen. Tvert imot skal planen aldri takast i bruk utan at ansvarleg lege og sjukepleiar etter nøye vurdering har slått fast at pasienten nå er i ferd med å døy, og informert han sjølv (om muleg) og dei pårørande om dette.
Det er heller ikkje slik at all livsforlengande behandling automatisk skal avsluttast fordi om ein slik plan blir brukt. Planen seier bare at dei ulike behandlings- og pleietiltaka skal vurderast, og at ein skal gjere det som er best for den enkelte pasienten. Pasientar som sjølv er i stand til å ete eller drikke, skal sjølvsagt få halde fram med det. Medisinar skal berre endrast etter forordning av lege; dette gjeld både avslutting av medisinar som ikkje lenger har nokon hensikt, og oppstart av ny behandling for å lindre smerter eller andre symptom.
«Livets siste dagar» i sjukeheimar
Per september 2016 var det 404 registrerte brukarstader for «Livets siste dagar» i Noreg. Registrering er naudsynt for å sikre at dei som skal ta planen i bruk, har eit opplegg for undervisning og opplæring og eit team som er ansvarleg for bruken. Helsebiblioteket har publisert ein fagprosedyre som gir god rettleiing i bruk og implementering av planen. Dei fleste brukarstadene er sjukeheimar (299).
Nesten 50% av alle dødsfall i Noreg skjer i sjukeheimar, og den vanlegaste dødsårsaken for denne gruppa er demens. Pasientar med demens og deira pårørande treng den beste lindringa og hjelpa ved livets slutt.
Alle som arbeider med alvorleg sjuke og døyande, veit at det kan vere vanskeleg å vurdere når ein pasient har nådd siste livsfasen. Men personalet har som oftast kjent pasientane gjennom lang tid, og kjenner reaksjonsmønstra deira. Når personalet og familien skjønar at pasienten er i ferd med å døy, kan ein god plan vere med å bidra til optimal lindring av plager og god ivaretaking av både pasienten og familien.
Studiar i sjukeheimar - også i Bergen
Kompetansesenter i lindrande behandling Helseregion Vest presenterte i sommar ein forskingsstudie frå sjukeheimar i Bergen. I studien vurderte 102 pårørande kvaliteten på behandling og omsorg ved dødsfall i sjukeheim, før og etter innføring av LCP. Dei aller fleste pårørande var godt nøgde med omsorga. Studien viste ingen forskjell i symptomlindring med og utan bruk av planen, men betre kommunikasjon med og involvering av dei pårørande etter innføring av LCP eller «Livets siste dagar».
Det er og publisert ein studie om bruk av LCP i 19 aldersheimar i Sverige, der over 50% av pasientane hadde demens. Her fann forskarane signifikant betre symptomlindring hos dei døyande ved bruk av LCP. Positive effektar er også vist i studiar frå sjukeheimar i Storbritannia.
Vi kjenner ikkje til nokon studie som har vist negative effektar ved bruk av ein tiltaksplan for døyande til personar med demens.
Våre nettsider har meir informasjon om lindrande behandling og «Livets siste dagar»: www.helse-bergen.no/palliasjon