Auka pris for medikamentskrinet

Prisen for medikamentskrinet for symptomlindring i livets sluttfase (til vaksne) er nå gått opp til kr 694. Årsaka er hovudsakleg auka pris for utstyret til subkutan administrering.

 

Skrinet kan i Helseregion Vest bestillast frå Sjukehusapoteket i Bergen og Sjukehusapoteket i Haugesund. Den som hentar skrinet på apoteket, må legge ut for kostnaden. Det er viktig å ta vare på kvitteringa med tanke på eventuell seinare refusjon frå Helfo.
Dersom skrinet vert sendt  i posten, kjem porto og fakturagebyr i tillegg.

Meir om medikamentskrinet på kompetansesenteret si nettside om Medikamentskrin vaksne