Årleg gjennomgang av medikamentskrinet fullført

Den årlege gjennomgangen av innhaldet i medikamentskrinet for symptomlindring i livets sluttfase for vaksne er nå fullført. I år er det ikkje gjort endringar i behandlingsalgoritmane.

 

​Kvart år går lege og farmasøyt ved kompetansesenteret igjennom innhaldet i medikamentskrinet og vurderer det opp mot internasjonal litteratur. I år er det berre gjort ei lita endring i evalueringsskjemaet (sjå endringsloggen). Algoritmane er oppdaterte med ny utløpsdato.

Alle dokumenta som høyrer til medikamentskrinet, ligg på kompetansesenteret si nettside Medikamentskrin til voksne med behandlingsalgoritmer