Kvalitetssikring

Ein tryggleik for deg som pasient

Vi i 4-dagars teamet er oppteke av at pasientene skal få best mogleg helsehjelp, og alle 4-dagars team har eit tett samarbeid med 4-dagars klinikken i Helse Bergen.

Kvinne med telefon-headset foran PC. Foto

Uansett kor du bur i landet, skal du som pasient vere trygg på at 4-dagars behandlingen held den same høge kvaliteten.  

Difor lærer vi opp og godkjenner 4-dagars team, og det er vi i 4-dagars teamet i Helse Bergen som står for kvalitetssikringa. Fordi vi kvalitetssikrar alle pasientforløpene kan vi samanlikna resultat frå dei ulike teama. Dette er ein tryggleik for deg som pasient.

Kvalitetssikring verkar – vi har evaluert behandlinga til alle som har vore hos oss, og resultata er eintydige: Dei fleste har god nytte av behandlinga vår.

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.