4-dagars formatet

Gerd Kvale og Bjarne Hansen har innan rammene av OCD-teamet i Helse Bergen utvikla ei konsentrert eksponeringsbehandling som i løpet av 4 dagar hjelpte meir enn 90% av pasientane med alvorleg tvangsliding (Obsessive Compulsive Disorder, OCD).

Gruppebilde med Bent Høie. Foto
Helseminister Bent Høie besøker OCD-teamet i Bergen.

Meir enn 600 pasientar, både barn og vaksne, har til no motteke behandling i 4-dagarsformatet. Behandlinga er sterkt etterspurd både av pasientar, pårørande og behandlarar, og det er praktisk talt ikkje fråfall.

Noko av det viktigaste i 4-dagarsformatet er at pasientane får terapeutassistert eksponering i sitt heimemiljø, og me jobbar derfor sterkt med å byggje opp team som tilbyr behandlinga over heile landet. Behandlinga kombinerer dei beste elementa frå individuell behandling med den drahjelpa ein får ved å jobbe side ved side med andre som går gjennom den same snuoperasjonen. Sjå video for meir informasjon.

 

Les meir frå brukarar og behandlarar

Gerd Kvale og Bjarne Hansen mottok i 2015 Norsk Psykologiforbunds «Nyvinningspris» for tilnærmingenHverdagen var fylt med tvangstanker. Så fikk Stine (15) tilbud om en firedagers kur - artikkel i A-magasinet i Bergens Tidende 16.03.17 (Abonnement)"Bli kvitt angsten på fire dager". Artikkel i Bergens Tidende, Innsikt. 21.09.2014
Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.