Klinikk for 4-dagers behandling (B4DT)

"Bli kvitt angsten på fire dager"

​På denne sida finn du oppdatert informasjon om The Bergen 4-day treatment. B4DT er ein behandlingsform for alvorlege angstlidingar utvikla av Gerd Kvale og Bjarne Hansen innan rammen av OCD-teamet i Helse Bergen, som har vist svært gode resultat i behandlinga av tvangslidingar. Det er også utvikla firedagersbehandling for panikkliding og sosial angstliding, og det pågår ei nasjonal storsatsing på behandlingsformatet . Det er stor etterspurnad etter behandlinga både frå pasientar, pårørande og behandlarar, og vi held for øyeblikket på med opplæring av ei rekkje team i Noreg.

For English - Please go to the bottom of the page.

For ei kort beskriving av 4dagarsbehandlinga, sjå denne filmen

OCD-pasientar tilvist OCD-teamet i Bergen, meir informasjon på denne sida

Innlogging for 4dagersklinikkar

Generelle tilvisingsrutinar B4DT

The Bergen 4-day Treatment

  • 4-dagars formatet

    Gerd Kvale og Bjarne Hansen har innen rammene av OCD-teamet i Helse Bergen utvikla ein konsentrert eksponeringsbehandling som i løpet av 4 dagar hjelp meir enn 90% av pasientene med alvorlig tvangsliding (Obsessive Compulsive Disorder, OCD).

  • 4-dagars klinikkar

    Det er kun klinikkar som har fått opplæring og er godkjent av 4-dagars teamet i Helse Bergen som kan tilby behandling i 4-dagars formatet.

  • Kvalitetssikring

    Vi i 4-dagars teamet er oppteke av at pasientene skal få best mogleg helsehjelp, og alle 4-dagars team har eit tett samarbeid med 4-dagars klinikken i Helse Bergen.

  • Opplæring og godkjenning

    For å tilby 4-dagarsformatet krevjast det ein formell avtale på klinikk / avdelingsnivå, opplæring av behandlarar og godkjenning.

Forskning og formidling

  • 4-dagars teamet i media

    Her finn du ei oversikt over nyheitsartiklar som omhandlar 4-dagars teamet og 4-dagars formatet.

  • Publikasjonar

    Vi ønskjer å leggje til rette for klinikknær forsking som kan bidra til at endå fleire får hjelp. Lista vil oppdaterast med jamne mellomrom.

  • Våre forskingsprosjekt

    Her finn du ei oversikt over forskingsprosjekt knytta til 4-dagars teamet i Bergen.

Aktuelle saker

In English

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.