Vidareutdanning av eigne medarbeidarar

Hos oss er det høgt prioritert at medarbeidarar med utgangspunkt i føretakets behov skal bli gitt eit målretta tilbod innan kompetanseutvikling.

tre ansatte.foto
 

​​​​​​​​​​​​​Vidareutdanning 

Vidareutdanning av tilsette er ledd i sjukehusets personalpolitiske strategi og i tråd med spesialisthelsetenestelova om sjukehusets oppgåver (Lov om spesialisthelsetjenesten § 2-7 Opplæring, etterutdanning og videreutdanning). 

Som eit tiltak til rekruttering og kompetanseheving av medarbeidarar i Helse Bergen, tilbyr vi stipend for studentar ved enkelte vidareutdanningar. 

Tilbodet rettar seg primært mot tilsette i Helse Bergen, men søkarar utanfor Helse Bergen er også velkomne til å søke. 

 

Kompetanseportalen

For å best sikre at medarbeidarar får ei kompetanseutvikling som er i tråd med Helse Bergen sine behov for kompetanse samtidig som den enkelte medarbeidar sine ønske og interesser skal bli ivaretatt, nyttar vi Kompetanseportalen. 

Føremålet med Kompetanseportalen er å hjelpe medarbeidarar og leiarar til å:
  • Dokumentere kompetanse og identifisere behov for opplæring og vidareutvikling 
  • Sette saman team med riktig kompetanse 
  • Førebu, gjennomføre og følge opp avtalte tiltak frå medarbeidarsamtalar ​​

Læringsportalen 

I Læringsportalen finn du all kursaktivitet i Helse Bergen, både e-læringskurs og klasseromsundervisning. Læringsportalen er sentral i undervisningsaktiviteten i Helse Bergen. 

 
Når medarbeidarar blir tilsette, får dei automatisk oppretta ein brukarprofil i portalen, slik at dei har tilgang til heile kurskatalogen i føretaket så tidleg som mogleg. Studentar og andre kan opprette ein brukar og få tilgang til eit utval av dei obligatoriske kursa i kurskatalogen.​​​​

Kontaktinformasjon

​Spesialrådgivar
Telefon 55 97 47 91 ​


Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel e-post, telefonnummer eller personnummer.