Vidareutdanning

Master i klinisk sjukepleie: anestesi, barn, intensiv og operasjon

Spesialsjukepleiarar er ein etterspurt og kritisk kompetanse i Helse Bergen. Du kan søke løn frå oss under vidareutdanninga.

ansatt som holder foten til nyfødt.foto
Du kan søke løn fra Helse Bergen for å ta vidareutdanning innan sjukepleie. Høgskulen på Vestlandet har søknadsfrist 1. mars 2018.

Høgskulen på Vestlandet (HVL) har i 2018 opptak i anestesi, intensiv- og operasjonssjukepleie. Opptak barnesjukepleie 2019. Krav til opptak er norsk autorisasjon som sjukepleiar og minst to års klinisk erfaring.

Gå til søknadskjema og meir informasjon på hvl.no (Søknadsfrist 1. mars 2018)

Søk om løn under utdanninga

Når du har fått tilbod om studieplass i klinisk master i anestesi- intensiv- og operasjonssjukepleie ved HVL kan du søke om løn under vidareutdanninga. Søknad om løn skal skje via Webcruiter og vil bli gjort tilgjengeleg rett etter at høgskulen har sendt ut melding om studieplass til den enkelte.

Utdanningane er masterløp, men ein kan avslutte etter 3 semester som ferdig kvalifisert spesialsjukepleiar. Sjukehuset gir kun løn i 3 semester, men permisjon utan løn frå bindingstid for masteroppgåve (1/2 år) vil bli innvilga.

Sjukehuset vurderer kor mange og kven som skal få løn, basert på behov og vurdering av den enkelte søkar. Vi har for tida størst behov for intensiv- og operasjonssjukepleiarar.

2 års bindingstid

Den som får løn under studiet er sikra 100 prosent fast stilling som spesialsjukepleiar ved Haukeland Universitetssjukehus etter endt utdanning, med bindingstid på 2 år i full stilling.

Kontaktinformasjon

Eline Vartdal Sætre
Rådgjevar i seksjon for fag og utdanning
Forskings- og utviklingsavdelinga
Telefon: +47 918 04 537
eline.vartdal.setre@helse-bergen.no ​​

Ingrid Johanne Garnes 
Rådgjevar i seksjon for fag og utdanning
Forskings- og utviklingsavdelinga
Telefon: +47 916 45 005
ingrid.johanne.garnes@helse-bergen.no





Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.