Velferdstilbod

Det blir arrangert eit mangfald av aktivitetar i regi av våre tilsette. Å møtast på ein arena utanfor sjukehuskorridorane er av stor verdi for trivsel og arbeidsmiljø.

​​Kultur

På sjukehuset har vi eit eige Kulturbryggeri, der kulturbryggar Atle Halvorsen står i spissen for trivselsfremjande tiltak retta mot pasientar, pårørande og tilsette. Vi kan mellom anna nemne konsertar, revy, Barnas dag, Grilldagen, Brannkampar og Julaftanarrangement.


Haukelandsrevyen

Haukelandsrevyen er ein revy av og for Haukelendingar. Den første revyen hadde premiere i februar 1994, med namnet «Vi letter på bandasjen». 
I 2014 var det 20- års jubileum, med revyen «Det går så det griner… folkens!»

På desse 20 åra har det vore 14 ulike Haukelandsrevyar, med i alt 121 førestillingar. 29 250 menneske har sett revyane, og i alt har 681 Haukelendingar deltatt.

I 1998 vart Haukelandsrevyen tildelt Arbeidsmiljøprisen i Hordaland, og i 2002 fekk han Teaterforeningen si utmerking «Rampeløkten». ​​​


Haukeland Sykehus Idrettslag (HSI)

Vårt mål er å støtte førebyggjande og helsefremjande arbeid ved å tilby tilsette trening og aktivitet.​ Haukeland sykehus idrettslag (HSI) har i dag om lag 1600 medlemmer,​ fordelt på 20​ grupper. ​

HSI har eit mangfaldig tilbod, blant anna fotball, handball, aerobic, orientering, innebandy, volleyball, turgruppe, friidrett, golf og styrketrening. 

Faste årlege aktivitetar er Holmenkollstafetten, deltaking i norsk og nordisk meisterskap for idrettslag knytte til helsevesenet, den lokale Vekselbankstafetten og ulike aktivitetsdagar både vinter og sommar.



Jordmor for tilsette

HMS-senteret har eigen tilsett bedriftsjordmor. Ho jobbar med å legge forholda til rette for gravide i jobb i føretaket. Tilbodet er eit supplement til den vanlege svangerskapsoppfølginga den gravide får hos jordmor og/eller lege.


Hytter

Tilsette hos oss kan leige hytte av Fagforbundet. Fagforbundet Helse Bergen har fire hytter på Oppheim i Voss kommune og ei hytte ved Liset på Hardangervidda. Etter avtale med sjukehuset kan alle tilsette leige hytte.

​Barnehage

Vi har fire barnehagar for tilsette​ på sjukehuset med barn. Vi har ein barnehage i Sandviken og tre i nærleiken av Haukeland. Alle som er tilsett hos oss, eller som skal starte i ny stilling, kan søkje om barnehageplass.