Vaksine og immunitet

​Hepatitt B vaksinasjon

Tilbod om Hepatitt B-vaksinering er eit ledd i det førebyggjande arbeidet mot blodsmitte i Helse Bergen HF. Vaksinen blir gitt til arbeidstakarar som kan vere utsette for eksponering av Hepatitt B. Etter vaksinering blir den tilsettes immunitet mot Hepatitt B sjekka.
 

MRSA  (Meticillinresistene gule stafylokokkar)

Alle som skal begynne å jobbe i Helse Bergen (eller skal tilbake i jobben etter tenesteopphald i utlandet) må fylle ut skjema med opplysningar om ein har jobba eller vore innlagt i helseinstitusjonar i land med risiko for MRSA-smitte. 
FOR 1996-07-05 nr 700: Forskrift om forhåndsundersøkelse av arbeidstakere innen helsevesenet – antibiotikaresistente bakterier.
 
Hepatitt B-vaksinering og MRSA-testing blir utført på HMS-senteret ved Haukeland universitetssjukehus, og er gratis for tilsette.
 
Nærmare opplysningar om kva slags yrkesgrupper og avdelingar som har tilbod om Hepatitt B-vaksinasjon, og om prosedyre og retningslinjer for MRSA-testing får du ved å kontakte HMS- senteret på telefon:  55 97 38 50.
 

Vaksinasjon mot sesonginfluensa

Folkehelseinstituttet anbefaler at helsepersonell som har kontakt med pasientar, blir vaksinerte mot influensa. I tillegg bør nøkkelpersonell på sjukehuset vaksinere seg, slik at sjukehusdrifta blir oppretthalden under ein eventuell influensaepidemi.
 
Helse Bergen tilbyr gratis vaksinasjon mot sesonginfluensa til tilsette som fell inn under desse gruppene. Det er avdelingsleiar eller einingsleiar som ​tek stilling til om dei tilsette på avdelinga skal få tilbod om vaksinering mot sesonginfluensa. ​