Utviklingsmidlar

Utviklingsmidlar skal brukast til samarbeidsprosjekt mellom høgskulane og helseføretaka i Bergensregionen.

Tildeling av midlar for perioden 2017-2019.

Samarbeidsmøtet mellom høgskulane og sjukehusa i Bergensregionen har vedtatt at utviklingsmidlane for perioden 2017-2019 skal nyttast til å finansiere kombinerte stillingar for medarbeidarar innan dei helse- og sosialfaglege profesjonane.
Målsetting med dei kombinerte stillingane er å:

  • auke kvalitet og relevans i utdanninga både på skule og i sjukehus
  • bygge bru og skape større forståing mellom utdanningsstad og praksisfelt
  • styrke samarbeidet om studentane si kliniske praksis
  • sikre at studentane opplev samanheng mellom teori og praksis
  • skape meirverdi utover det som skule og sjukehus bidrar med pr i dag

Søknadsfrist er 1. april 2017

Det er leiarar for medarbeidarar innan dei helse- og sosialfaglege profesjonane ved sjukehusa og høgskulane, som kan søke på midlane.

Tildelte midlar skal nyttas til frikjøp i 20 % stilling i 22 månader i perioden 15.08.17 til 15.06.19, for ein medarbeidar som er fast tilsett anten i sjukehuset eller ved høgskulen. Alternativt kan det søkjast om midlar til 20 % bistilling i same periode.

Kriteria for tildeling av midlane


I søknaden må det greiast ut på kva måte den kombinerte stillinga/bistillinga støtter opp under overordna målsetting og det man vil oppnå med stillinga må konkret omtalast. Søknaden må greie ut om konkrete arbeidsoppgåver, arbeidsform og korleis arbeidet er tenkt organisert. Det må kome fram på kva måte den tilsette som har stillinga skal følgjast opp av begge institusjonar. Det som kjem fram i søknaden må være realistisk å gjennomføre og søknaden bør derfor knytast til ein konkret tilsett som er motivert for ein slik stilling som aktiv brubyggjar mellom sjukehus og høgskule. Skriftleg anbefaling frå begge leiarar skal leggjast ved søknaden.

Søknadsskjema

Det blir felles oppfølging (nettverkssamlingar) for dei tilsette som får ei kombinert stilling/bistilling. Satsinga vil bli evaluert i løpet av perioda og i siste halvår av 2019, når pilotprosjektet er avslutta.

Leiarar som får tildelte midlar må rapportere etter eit år (august 2018) og ved avslutning (juni/juli 2019).

Utdanningsrådet og Samarbeidsmøtet behandlar søknadane.
 
Det nasjonale praksisprosjektet «Kvalitet i praksisstudiene i helse- og sosialfaglig høyere utdanning» anbefaler ei satsing på kombinerte stillingar som eitt av åtte tiltak for å auke kvalitet og relevans i praksisstudiar: «Kombinerte stillinger bør etableres for å utvikle et tett og forpliktende samarbeid mellom utdanningsinstitusjon og praksisfelt, og for å øke både kvalitet og relevans i utdanningene». Denne anbefalinga er medverkande til at Samarbeidsmøtet ønskjer å prioritere ei slik satsing i perioden 2017-2019.

Ved eventuelle spørsmål kan Hilde Nesse kontaktes på e-post: hilde.nesse@helse-bergen.no


​Aktuelle dokumenter

Kriteria for tildeling av utviklingsmidlar (pdf) Sluttrapport for utviklingsmidlene (docx) Søknadsskjema (docx)
 

Fagleg rapportering

Rapporteringshefte 2015 (pdf) Rapporteringshefte 2013 (pdf) Rapporteringshefte 2​011 (pdf) Rapporteringshefte 2008 (pdf) Rapporteringshefte 2007 (pdf)