Utvekslingsmoglegheiter

Haukeland har fleire partnarsjukehus rundt om i verda. Om du ønskjer å delta i slikt arbeid, får du tilbod om støtte slik at det kan bli gjennomført på ein tilfredsstillande måte.

​Avdeling for internasjonalt samarbeid har fleire prosjekt rundt om i verda. I 2016 har avdelinga ansvar for omlag 20 prosjekt, hovudsakleg i Afrika. Rundt 25 tilsette frå Haukeland vil til ei kvar tid vere ute i eitt av prosjekta.

 
Partnarsjukehusa er lokaliserte i Etiopia, Malawi, Tanzania og på Zanzibar. Eit barnesjukehus i Nepal er også samarbeidspartnar.

 
Avdelinga legg spesiell vekt på å delta i arbeid innan sjukehusets ​medisinske kjernefunksjonar og som også kan omfatte medisinsk teknikk og organisering av medisinske tenester.

 

 
Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.