Tildeling av midlar til kombinerte stillingar innan dei helse- og sosialfaglege profesjonane

Samarbeidsmidlane mellom Haukeland universitetssjukehus og Haraldsplass diakonale sykehus -  og Høgskulen på Vestlandet og VID vitenskapelige høgskole er tildelt til kombinerte prosjektstillingar for perioden 2017-2019. Det kom inn 18 søknader og 13 stillingar ble tildelt midlar.

 

​Det er Samarbeidsmøtet mellom høgskulane og sjukehusa i Bergensregionen som har vedtatt at samarbeidsmidlane / utviklingsmidlane for perioden 2017-2019 skal nyttast til å finansiere kombinerte stillingar for medarbeidarar innan dei helse- og sosialfaglege profesjonane. Stillingane skal gjelde frå 15.08.17 til 15.06.19.

Målsetting med desse kombinerte stillingane skal vere å auke kvalitet og relevans i utdanning  både på skule og i sjukehus gjennom å bygge bru og skape større forståing mellom utdanningsstad og praksisfelt.

Det er eit ønske å styrke samarbeidet om studentane si kliniske praksis og sikre at studentane opplev størst mulig grad av samanheng mellom den teoretiske utdanninga og det som skjer i den praktiske kvardagen.

Både skule og sjukehus gjer allereie ei god innsats for å sikre godt læringsutbytte for studentane. Det er derfor tenkt at dei kombinerte stillingane skal bidra til å gi ein meirverdi utover det som allereie gjerast.

Søknadene ble vurdert av Utdanningsrådet og av Samarbeidsmøtet ut frå de føringar og kriterier som var gitt.

Følgjande søkarar ble tildelt midlar til kombinerte stillingar for perioden 2017-2019

Ansvarleg søkar: Birte Fagerdal
Ansatt ved: Haukeland universitetssjukehus
Prosjekttittel: Undervisningsmetoder for å utvikle sykepleiestudenters ferdigheter i sykepleiedokumentasjon
Samarbeidspartnar: Haukeland universitetssjukehus / Høgskulen på Vestlandet
Profesjon: Sjukepleie

Ansvarleg søkar: Else Sterndorff
Ansatt ved: Haukeland universitetssjukehus
Prosjekttittel: Kombinert stilling innen nevrologisk fysioterapi og innen fysioterapi for akutt kritisk syke
Samarbeidspartnar: Haukeland universitetssjukehus / Høgskulen på Vestlandet
Profesjon: Fysioterapi

Ansvarleg søkar: Bodil Stokke og Susanne Grødem Johnsen
Ansatt ved: Haukeland universitetssjukehus og Høgskulen på Vestlandet
Prosjekttittel: Brobygging mellom skole og praksis gjennom læringssituasjoner og SimArena
Samarbeidspartnar: Haukeland universitetssjukehus / Høgskulen på Vestlandet
Profesjon: Ergoterapi

Ansvarleg søkar: Eli Eikefjord
Ansatt ved: Høgskulen på Vestlandet
Prosjekttittel: Samspill i veiledning for økt veilederkompetanse og utdanningsrelevans
Samarbeidspartnar: Høgskulen på Vestlandet / Haukeland universitetssjukehus
Profesjon: Radiografi

Ansvarleg søkar: Unni Vågstøl
Ansatt ved: Høgskulen på Vestlandet
Prosjekttittel: Kombinasjonsstilling barnefysioterapi og Energisenteret for barn og unge
Samarbeidspartnar: Høgskulen på Vestlandet / Haukeland universitetssjukehus
Profesjon: Fysioterapi

Ansvarleg søkar: Elisabeth Mjøs og Frøydis Bruvik
Ansatt ved: Haraldsplass diakonale sykehus
Prosjekttittel: Samarbeidsstilling mellom Haraldsplass diakonale sykehus og VID Vitenskapelig høgskole; klinisk undervisning og opplæring av studentene
Samarbeidspartnar: Haraldsplass diakonale sykehus og VID Vitenskapelig høgskole
Profesjon: Sjukepleie

Ansvarleg søkar: Guri M. Bolstad
Ansatt ved: Haukeland universitetssjukehus
Prosjekttittel: Simulert radiografipraksis. Bedre samhandling mellom radiologisk avdeling og høgskole
Samarbeidspartnar: Haukeland universitetssjukehus og Høgskulen på Vestlandet
Profesjon:

Ansvarleg søkar: Ine Skåtøy og Heidi S. Breivik
Ansatt ved: Haukeland universitetssjukehus
Prosjekttittel: Mottaksklinikken - helt, ikke stykkevis og delt
Samarbeidspartnar: Haukeland universitetssjukehus og VID Vitenskapelig høgskole
Profesjon:

Ansvarleg søkar: Robert Nekkøy og Heidi S. Breivik
Ansatt ved: Haukeland universitetssjukehus
Prosjekttittel: Mottaksklinikken - helt, ikke stykkevis og delt
Samarbeidspartnar: Haukeland universitetssjukehus og Høgskulen på Vestlandet
Profesjon:

Ansvarleg søkar: Irene Nygård og Geir Martin Førland
Ansatt ved: Høgskulen på Vestlandet
Prosjekttittel: Videreutvikling av bioingeniørfaglig praksissamarbeid
Samarbeidspartnar: Høgskulen på Vestlandet og Haukeland universitetssjukehus
Profesjon:

Ansvarleg søkar: Margareth Haukom og Tove Giske
Ansatt ved: VID Vitenskapelig høgskole
Prosjekttittel: Tverrprofesjonell klinikk; praksis og samarbeidslæring
Samarbeidspartnar: VID Vitenskapelig høgskole og Haraldsplass diakonale sykehus
Profesjon: Sjukepleie

Ansvarleg søkar: Conrad Ravnanger
Ansatt ved: Haukeland universitetssjukehus
Prosjekttittel: Simuleringstrening for studenter i psykiatripraksis
Samarbeidspartnar: Haukeland universitetssjukehus og Høgskulen på Vestlandet
Profesjon: Sjukepleie