Sommarjobb på Voss sjukehus

Voss sjukehus er eit lokalsjukehus for om lag 30.000 innbyggarar i indre Hordaland. I tillegg kjem det pasientar frå Bergen og kommunar i indre Sogn. Vi treng sommarvikarar til både medisinsk og kirurgisk sengepost og til Akuttmottak/legevakt.

helikopter. bygg. trær.foto.
 

Sjukehuset på Voss har nær 400 tilsette, og er eit moderne og velutstyrt sjukehus med ulike faggreiner innan spesialisthelsetenesta.

Søk sommarjobb på Voss:

Sommarjobb hovudside

Medisinsk sengepost

Er opphavleg ein stor sengepost med 34 senger, men i sommarperioden reduserer vi til 20 senger. Pasientkategorien er alt innan indremedisin. Avdelinga har 60 tilsette (fordelt mellom sjukepleiarar og hjelpepleiarar).

Kirurgisk sengepost

Er opphavleg ein sengepost med 19 senger fordelt på  generell kirurgi og gynekologi. I sommarperioden blir fire av sengene brukt til medisinske pasientar. Avdelinga har 30 tilsette (fordelt mellom sjukepleiarar og hjelpepleiarar).

Begge sengepostane har same opplæringsplan som inneber introduksjonsdag for alle nytilsette og opplæring med fast personell.  Vi har eit godt arbeidsmiljø og ei blanding av nye, unge sjukepleiarar og erfarne sjukepleiarar.

Sidan pasientsamansetninga på Voss sjukehus omfattar både generell indremedisin og generell kirurgi, gir ein sommarjobb hos oss mange gode og nyttige læringsmoglegheiter å ta med seg vidare i karrieren. 

Velkomen til ein spennande sommar på Voss! 

Akuttmottak/legevakt

Akuttmottak tar imot pasientar som treng å bli innlagde innholdfor øyeblikkeleg hjelp, samt elektive pasientar.  Voss interkommunale legevaktssentral ligg i Akuttmottak og svarer på førespurnader til legevakta for tilsaman seks kommunar. Voss legevakt er lokalisert ved Akuttmottak, og sjukepleiar frå Akuttmottak assisterer vakthavande legevaktslege ved ulike oppgåver og undersøkingar.

I løpet av eit år har vi om lag 8000 førespurnader på legevakta, der 5000 av desse møter opp til konsultasjon. 

Arbeidsoppgåver

  • B reitt spekter av arbeidsoppgåver som krev gode samarbeidsevner. 
  • Handtering av alle øyeblikkeleg hjelp-innleggingar i sjukehuset. 
  • Bemanne legevaktsentral for seks kommunar knytte til Voss sjukehusområde.

Kvalifikasjonar

  • Det er krav om norsk autorisasjon 
  • Arbeidserfaring/anna kompetanse innan akuttavdeling/spesialavdeling er ønskeleg. 
  • Må meistre norsk svært godt, både skriftleg og munnleg. 
  • Gode data-/IT-kunnskapar.

Personlege eigenskapar

  • I ei avdeling med høgt tempo er det avgjerande at søkar kan jobbe sjølvstendig. 
  • Ein må vere fleksibel og kunne handtere fleire arbeidsoppgåver samstundes. 
  • Jobbar strukturert og effektivt. 
  • Trivst i eit aktivt miljø. 
  • Tilpassingsdyktig 
  • Ansvarsbevisst 
  • Gode kommunikasjonsevner 
  • Lojal og trivst med å arbeide i tverrfaglege team.

Utdanningsretning

  • Sjukepleie
  • Sjukepleie vidareutdanning

Utdanningsnivå

  • Høgskule/universitet, diplom-/bachelorgrad