Sommarjobb på Hjarteavdelinga

All medisinsk og kirurgisk behandling av hjartesjukdommar er samla på Hjarteavdelinga. Her finn du eit spennande arbeidsmiljø innan akutt hjartemedisin, med eit tilsnitt av mange andre komplekse diagnosar.

Lege.sjukepleier.smiler.foto.
 

Hjarteavdelinga har sommarjobben for deg som trivst med å jobbe med menneske, er fagleg nysgjerrig, og glad i utfordringar og variasjon! 

Søk sommarjobb Sommarjobb hovudside

Hjarte post 1S2V

Hjarteavdelinga post 1S2V er ein medisinsk post, med 45 sengar, der rundt 80 % er ØH og 20 % planlagt aktivitet. Hos oss finn du eit spennande arbeidsmiljø innan akutt hjartemedisin, med eit tilsnitt av mange andre komplekse diagnosar. Arbeidsmiljøet er prega av flat struktur og godt samarbeid mellom faggruppene. Vi jobbar i team etter gruppeleiarprinsippet. Vi har for tida rundt 80 tilsette. Mange er heiltidstilsette, medan andre jobbar deltid eller har helgestillingar.  

Vi har for eksempel pasientar med brystsmerter, tungpust, hjarteinfarkt, hjartesvikt, hjarterytmeforstyrringar (sakte, uregelmessig eller høg hjartefrekvens), hypertensjon, klaffefeil og eit variert utval av andre medisinske tilstandar og sjukdommar.

Ulika prosedyrar som pasientane gjennomførar: hjartekateterisering/PCI, PM og ICD implatasjon, el-fys/RFA behandling, UL av hjarte, arbeidsbelastning på sykkel mm

Arbeidsoppgåver på post 1S2V

Arbeidsoppgåvene varierer frå for eksempel pleie og omsorg til observasjon av hjartepasienten (både generelt og etter ulike behandlingar), klargjering og observasjon av pasientar før og etter prosedyre, vere gruppeleiar, blodtrykksmåling, EKG, arbeids-EKG, gjere i stand og servere måltid.  Du vil få god opplæring. 

Hos oss møter du alle slags pasientar i alle aldersgrupper, men hovudvekta er pasientar over 60 år. Vi får den største delen av pasientane våre frå akuttmottak, men mange er også overflytta frå andre sjukehus eller innkalla via brev til planlagde prosedyrar.

Hjarte post 4 (thoraxkirurgisk post)

Hjarte post 4 har 29 senger med ein samansetnad av kirurgiske og invasive pasientar. Pasientane er stort sett elektive pasientar, men nokre er også lagt inn ØH. 

Pasientgruppar: 

  • Hjarteopererte, pre- og postoperativt ( ACB, ventilopererte, aortadisseksjon)

  • Lungeopererte ( cancer, bullae, lungeablasjon)

  • Thoraxtraumer (costafractur, sternumfractur etc.)

  • Mediastinitter ( dype sårinfeksjonar)

  • Pectus excavatum og p. carinatum
  • TAVI, mitraclip, hjertekateterisering, PCI
  • Andre pasientar som får utført inngrep i thorax eller vert utreda for ulike diagnosar. 

Vi har eit høgt fagleg nivå og varierte arbeidsoppgåver. Vi har eit tverrfagleg og godt arbeidsmiljø, med fokus på fagleg kvalitet i alle ledd.  

Arbeidsoppgåver:

  •  Sjukepleiar: Varierte sjukepleieoppgåver
  •  Fellesoppgåver: Observasjonar og behandling av pasientar, samt ivareta pårørande, gjennom  heile sjukehusopphaldet.

Medisinsk intensiv og overvaking

(MIO)

Ved denne posten blir dei sjukaste pasientane på Hjarteavdelinga behandla, blant anna pasientar med hjartestans, hjarteinfarkt, alvorleg hjarterytmeforstyrringar og hjartesvikt. 

Her har vi ti sengeplassar fordelte på fem intensivpasientar og fem overvakingspasientar. Midt i avdelinga er scopsentralen, der alle telemetriar (trådlaus hjarteovervaking) på Haukeland blir overvaka døgnet rundt. 

Vi treng engasjerte og dyktige sommarvikarar som er fagleg interesserte og taklar eit høgt tempo med raske omstillingar:

  • Intensivsjukepleiarar
  • Sjukepleiarar (minimum 2 års arbeidserfaring)
  • Scopvakter (medisinstudentar)
  • Assistentar (medisinstudentar/sjukepleiarstudentar/hjelpepleiarar)

Vi kan tilby eit tverrfagleg arbeidsmiljø som medverkar til fagleg og personleg utvikling. Du vil få varierte arbeidsoppgåver med spennande problemstillingar og du får opplæring etter behov og blir sertifisert i bruk av nødvendig utstyr. Vi vil jobbe for at det til ei kvar tid er erfarne medarbeidarar i avdelinga som kan vere til hjelp om det er ting du er usikker på. 

Velkommen til Hjarteavdelinga!


Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel e-post, telefonnummer eller personnummer.