Sommarjobb på avdeling for stemningslidingar

Avdeling for stemningslidingar står for utgreiing, diagnostisering, behandling og pleie til pasientar med stemningslidingar.

​​​​​​​​​​​​​​​Vi hjelper pasientar med alvorleg depresjon, bipolare lidingar, ulike former for angst, affektive psykosar, blandingstilstandar og uavklarte tilstandar. Ein sommarjobb ved Avdeling for stemningslidingar vil gi et godt innblikk i akuttpsykiatrien, og gir verdifull erfaring i korleis man møter menneske i ulike kriser.

Søk sommarjobbSommarjobb hovudside

Sommarvikarar vil få to opplæringsvakter, samt opplæring i terapeutisk meistring av aggresjon.

Du vil jobbe med pppfølging av enkeltpasientar med observasjonar og rapportering av psykisk tilstand, og hjelpe pasienten til å meistre eigen kvardag. Arbeidsoppgåver kan innbefatte trening, turgåing, samtalar.

Hos oss møter du eit godt tverrfagleg arbeidsmiljø med høg kompetanse og varierte arbeidsoppgåver med fortløpande rettleiing. Muligheiter for eventuell vidare tilsetting. Vi er opptatt av å legge til rette for både fagleg og personleg utvikling og vekst. Vi har ei god kjønnsmessig fordeling, med tilnærma 50/50 menn og kvinner.​

Behandlargruppa er samansett av psykiatriske sjukepleiar, sjukepleiar, vernepleiar, hjelpepleiar, sosionom, aktivitør, psykiater, psykolog, og lege i spesialisering.

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.